Lesetrening – Eit tomt elefantbur

NN_Kap3_1

Eit tomt elefantbur

Inne i manesjen går alt som vanleg. Katten Pjusk, som speler
bassgitar, er nettopp ferdig med rockenummeret sitt, og vinkar
nøgd med gitaren til publikum. Fransisco har dytta hatten
bak i nakken. Då veit alle at han er i godt humør. Og no gler han
seg til å annonsere eit nummer han veit publikum kjem til å like.
– Och nu mine damar og herrar, skal Ni få se Elefantus, den enda
elefant i hele världen som kan sløkkje ein kjempebrann. Så nu, mine
damar och herrar, må jag få presentera: Elefanten Elefantus!
Men det Fransisco ikkje veit, er at Elefantus ikkje er i elefantburet sitt lenger …



Les og lytt til fortsetjinga i kapittel 4.

© Fagbokforlaget | Kanalveien 51 | 5068 Bergen | Ordretelefon: 55 38 88 38 | Ordrefaks: 55 38 88 39 | ordre@fagbokforlaget.no | Cookies | Personvern