Lesetrening – Røvarar

NN_Kap7_1

Røvarar

Elefantus søv på ein benk og er snart i draumeland.
Han har ikkje sett at sjørøvarskuta til Raude Molly ligg
ankra opp i nærleiken av kaia. Han veit ikkje at Raude Molly
og sjørøvarane hennar, Baltazar, Mephisto, Lukas og Midas,
har tenkt seg landlov i Bjørnebukta i natt. Og han merkar
ikkje at dei kjem bortover kaia. Dei er i godlune i kveld,
og syng og skrålar. Brått får dei auge på Elefantus, som ligg
på benken.
– Raude Molly vil ha ein skipselefant! gneldrar Raude Molly.
– Hent tønna, og det litt straks! Når de har sett han i tønna,
heiser de han om bord. Forstått?
Raude Molly er sint!



Les og lytt til fortsetjinga i kapittel 8.

© Fagbokforlaget | Kanalveien 51 | 5068 Bergen | Ordretelefon: 55 38 88 38 | Ordrefaks: 55 38 88 39 | ordre@fagbokforlaget.no | Cookies | Personvern