Lesetrening – Gallionsfiguren brenn!

NN_Kap9_1

Gallionsfiguren brenn!

Raude Molly har sett kursen mot Kristiansand.
Det ser ut til at det blæs opp til eit forrykande uvêr!
Lukas speidar ut over sjøen. – Svarte skyer seglar mot oss frå nordvest!
– Rev segla og slakk på skøytane! Eg overtek roret og legg
om kursen! roper Raude Molly.
– Torevêret er visst rett over oss, seier Elefantus. Brått høyrer
dei eit forferdeleg brak. – Å, sjå! Lynet har slått ned i skuta! Raude Molly,
Raude Molly, lynet har slått ned i skuta. Eg trur gallionsfiguren brenn!
roper Mini-Molly fortvilt. Mini-Molly er barnebarnet til Raude Molly.
Raude Molly tittar forskrekka opp frå ei luke i dørken:
– Er det sant? Ja, sanneleg snurre mi flette! Gallionsfiguren brenn!



Les og lytt til fortsetjinga i kapittel 10.

© Fagbokforlaget | Kanalveien 51 | 5068 Bergen | Ordretelefon: 55 38 88 38 | Ordrefaks: 55 38 88 39 | ordre@fagbokforlaget.no | Cookies | Personvern