Lesetrening – Fri!

NN_Kap4_1

Fri!

Mens musene syng og gneg, sit Elefantus og ser på, stille
og spent. Vil dei klare det, tru? Ja, der går ein av sprinklane over ende,
og der ein til. Og endå ein! Kanskje han kan klare å krype ut no?
Elefantus pressar seg forsiktig gjennom den tronge opninga.
Han får ei flis i foten og rispar opp snabelen på ein spikar, men det
gjer ikkje så mykje. Han er endeleg ute i det fri!
– Eg er fri, eg er fri! jublar Elefantus.
– No dreg eg til Øya Paradiset. Hels alle vennene mine frå meg. Hels dei
og sei at eg ikkje kan leve i fangenskap. No kan eg springe fritt omkring!
Eg er fri! Eg er fri!



Les og lytt til fortsetjinga i kapittel 5.

© Fagbokforlaget | Kanalveien 51 | 5068 Bergen | Ordretelefon: 55 38 88 38 | Ordrefaks: 55 38 88 39 | ordre@fagbokforlaget.no | Cookies | Personvern