Lesetrening – Uglemor viser veg

NN_Kap5_1

Uglemor viser veg

Oppe på ei furugrein sit uglemor. Ho følgjer godt med på alt
som skjer, og undrast på kvifor Elefantus er ute og går så seint på kvelden.
Nei, sjå der er jo uglemor! Elefantus får brått auge på henne.
– Hei, uglemor, du som veit så mykje. Veit du korleis eg skal komme meg til
Øya Paradiset, der vennene mine Pandus og Pandora bur?
– Øya Paradiset, sa du? Uglemor tek seg til panna. – Ja, la meg sjå.
Du må gå éin time mot nord og to timar mot vest. Då kjem du
til Bjørnebukta. Der må du finne nokon som kan segle deg over til
Øya Paradiset. Men pass deg for Raude Molly, barnebarnet til kaptein
Svarte Bill. Ho skal visstnok liggje i Bjørnebukta med sjørøvarskuta
si for tida. Og ho er ikkje god å komme ut for, skal eg seie deg. Uhu …



Les og lytt til fortsetjinga i kapittel 6.

© Fagbokforlaget | Kanalveien 51 | 5068 Bergen | Ordretelefon: 55 38 88 38 | Ordrefaks: 55 38 88 39 | ordre@fagbokforlaget.no | Cookies | Personvern