Lesetrening – Øya Paradiset

NN_Kap6_1

Øya Paradiset

På Øya Paradiset har alle samla seg på det vesle torget
framfor bakarbutikken. Kvar morgon klokka ni kjem Postmann
Pandus med brev og pakkar til dei som bur på øya. Ja, alle får ikkje
brev og pakkar kvar dag, men alle er spente på kven som får. Frøken
Gladiola ventar på brev frå kjærasten og bakar Bruttus på kort frå
sonen. Dei andre ventar på noko dei også, men veit ikkje riktig på kva
eller frå kven. I dag har postmann Pandus ganske mykje post i sekken sin.
Kven får i dag, mon tru?



Les og lytt til fortsetjinga i kapittel 7.

© Fagbokforlaget | Kanalveien 51 | 5068 Bergen | Ordretelefon: 55 38 88 38 | Ordrefaks: 55 38 88 39 | ordre@fagbokforlaget.no | Cookies | Personvern