Les og lytt
09_snipp snapp snute.mp3
Anna kjeda seg.
– Kanskje vi kan gå
til farfar og få
høyre eit eventyr?
Ho såg spørjande
på Martin.
– Farfar er full av
eventyr! sa ho så.
– Ja, han kan syngje
eventyr også han,
sa Martin. – Kanskje vi
kan be han om å lære
oss songen om Hans
og Grete?
– Eller om Bukkane
Bruse, sa Anna.
– Ja, eller ein av dei
rare songane hans,
sa Martin. – Kom, så spring
vi om kapp. Førstemann
til farfar!