Les og lytt
06_vi er venner.mp3
– I neste veke får vi ein
ny gut i klassen, sa lærar Lars.
– Han er frå Mexico og
heiter Felipe.
Alle i klassen klappa.
– Kan vi lage ein fest for
Felipe? sa Martin.
– Det er klart vi kan,
sa Lars.
Vi kan velje fire stykke som
kan vere festkomité.
Men alle må vere med
og hjelpe til.
Vi bruker siste timen
til å planleggje.