Lytt og les
03_trafikk.mp3
– Vi må forte oss,
skolen byrjar om eit kvarter,
ropte Martin til Anna.
– Men vent med å gå over
vegen til det blir grønt lys!
Martin trippa utolmodig
ved fotgjengarovergangen.
Vart det ikkje grønt lys snart.
Der vart det endeleg grønt,
og Martin hasta over.
– Fint, sa Anna.
– Gå no riktig,
gå forsiktig,
det er viktig,
rima ho.
No går vi til skolen, sa Martin.
Det er også viktig!