Les og forstå
04_mykje rart.mp3
– Eg har lyst til å lære å trylle,
sa Martin.
Han og Anna sat
og såg i ei bok
om tryllekunstar.
– Det er berre å øve
det, sa Anna.
– Du kan jo prøve
å trylle bort Passop!
– Er du rar, eller?
sa Martin.
– Men på tivoliet
er det ein tryllekunstnar,
sa Anna.
La oss gå dit i kveld og
sjå på. Ho skal visst
vere heilt fantastisk!
– Konge, sa Martin.