Lytt og les
02_ei ny jente i klassen.mp3
 
 
Eg har byrja på skolen att i dag.
 
No går eg i tredje klasse.
 
Det var litt rart i førstninga.
 
Vi fekk same læraren som i fjor. 
Alt var nesten som før, berre at eg 
kjende meg så mykje større, liksom. 
Og så hadde det komme ei ny jente 
i klassen. Ho heiter Janne.
Det var litt tomt på veggene i klasserommet. 
Vi teikna noko som vi hadde vore med 
på i sommarferien, og limte det opp på 
eit stort ark. Eg teikna at eg 
sparka fotball. Janne teikna seg sjølv 
på fisketur. Det vart eit kjempefint bilete.
Janne og eg tok følgje heim frå skolen. 
Da lærte vi kvarandre regler. 
Fordi eg heiter Ola, lærte Janne meg denne regla:
Ola Dilt, Ola Dalt, 
Ola spekesild og salt. 
Ola Smir, Ola Smør, 
Ola lever til han døyr.
Eg lærte Janne denne reglesongen:
Dra, dra bukken for skapet
Lensmann ut av fatet.
Silleri, billeri,
marikolei, kolei,
sa bonden.
Så setter vi Janne i skapet
Lensmann ut av fatet.
Silleri, billeri,
marikolei, kolei,
sa bonden.
Dikke-dikke-dokka.
Likke-likke-lokka.
Rikke-rikke-rokka.
Sikke-sikke-sokka.