Substantiv

Les byrjinga på eventyret Bymusa og fjellmusa.
I teksten er det mange substantiv. Vel kategori og klikk på dei rette substantiva.

kap10_oppg5_mus.jpg Det var ein gong at ei bymus og ei fjellmus som var ute og fór, møttest i skogkanten. Der sat fjellmusa i hasselkrattet og plukka nøtter.
– Signe arbeidet, sa bymusa, – det er rart å treffe slektningar så langt ute i bygda, la ho til.
– Det er vel så, det, sa fjellmusa.
– Du samlar nøtter og dreg i hus, ser eg, sa bymusa.
– Eg må vel det om vi skal ha noko å leve av til vinteren, svarte fjellmusa.
– Det er godt om nøtter i år, og store er dei, så det kan monne i ein svolten skrott, sa bymusa.
– Det er vel og bra det, sa fjellmusa, og la til at ho levde fint og treivst godt. Bymusa meinte at ho hadde det betre, men fjellmusa stod på sitt og sa at ingen stader var så gode som skogen og fjellet, og at ho hadde det best.
Bymusa sa at ho hadde det best, og dette kunne dei ikkje einast om. Til sist vart dei samde om at dei skulle besøkje kvarandre i jula, så fekk dei sjå og smake kven som hadde det best.
[…]

Kjelde: Dyreeventyr fra Asbjørnsen og Moe, Vigmostad & Bjørke AS, 2007, her omsett til nynorsk

© Fagbokforlaget | Kanalveien 51 | 5068 Bergen | Ordretelefon: 55 38 88 38 | Ordrefaks: 55 38 88 39 | ordre@fagbokforlaget.no | Cookies | Personvern