Verdsrommet

Lytt og les

Verdensrommet_00.mp3
Galaksen vår heiter Mjølkevegen.
Det er kanskje over 10 milliardar galaksar i heile
verdsrommet. I universet er det også ufatteleg
mange stjerner og planetar. Dei nærmaste stjernene
vi kan sjå frå jorda, høyrer til Mjølkevegen.
Galaksen vår har fått namnet sitt frå gresk mytologi.
Ifølgje legenda vart Mjølkevegen til da guden Hermes
la guten Herakles ved brysta til gudinna Hera.
Hera vakna forskrekka og skyvde guten frå seg.
Mjølka som da spruta ut frå brysta til Hera,
skal ha vorte til Mjølkevegen.

© Fagbokforlaget | Kanalveien 51 | 5068 Bergen | Ordretelefon: 55 38 88 38 | Ordrefaks: 55 38 88 39 | ordre@fagbokforlaget.no | Cookies | Personvern