Fastelavn og karneval

Lytt og les

07_fastelaven og karneval
Karneval er ein kjempestor fest som blir feira over
nesten heile verda. Karnevalet skulle feire
fruktbarheita og at det snart var vår, og dette måtte
ein gjere før fasta.

Fasta var ein periode på førti dagar da ein
nesten ikkje skulle ete nokon ting.

I Noreg har vi ikkje hatt skikken med karneval.
Vi markerer våren som skal komme, med fastelavn
i staden. Fastelavn heng saman med påskefeiringa.
Søndagen sju veker før 1. påskedag feirar vi fastelavn
med fastelavnsris og fastelavnsbollar.

© Fagbokforlaget | Kanalveien 51 | 5068 Bergen | Ordretelefon: 55 38 88 38 | Ordrefaks: 55 38 88 39 | ordre@fagbokforlaget.no | Cookies | Personvern