Til Øya Paradiset
Skuta til Raude Molly står i brann.
– No er det kanskje eg som kan hjelpe! Elefantus nappar Mini-Molly
i ermet. Kan du, Elefantus? – Ja, om du kan hjelpe oss, så vis det!
– Eg er ganske flink til å sløkkje brannar, seier Elefantus, eg har sløkt
sånn cirka 1999 brannar på sirkus.
Elefantus sprøyter høgt og lågt. Flammene freser, og det blæs sur røyk.
Elden er sløkt! – Hurra for Elefantus! jublar Raude Molly og sjørøvarane.
– Min vesle skipselefant! Du har redda livet vårt! Ønsk deg kva du vil, Elefantus,
og Raude Molly skal gi deg det!
– Eg ønskjer meg fridommen, eg! seier Elefantus. – Å komme til Øya Paradiset,
der vennene mine Pandus og Pandora bur!
«Pirata» legg til brygga på Øya Paradiset idet månen dreg tilbake dei siste
strålane sine. Elefantus går i land og vinkar farvel …