Plasser fingrane slik på tastaturet:
Øv deg på å plassere fingrane i denne utgangsstillinga, utan å sjå ned. Bruk følemerka på F-tasten og J-tasten som kontroll for peikefingrane. Etter kvart som du lærer fleire tastar, skal utgangspunktet alltid vere desse åtte tastane – det er her fingrane skal liggje når dei er i kvilestilling.
På Mellomrom bruker du tommelfingeren.
Ein annan nyttig tast er Tilbake, som du bruker høgre veslefinger på. Du finn han like over Enter, med bilete av ei pil mot venstre. Denne tasten bruker du for å slette det siste teiknet du skreiv, dersom du har skrive feil.