Nyttårsfeiring!

Lytt og les

05_nyttaarsfeiring.mp3
I Noreg feirar vi nyttårsaftan med familie og venner,
god mat og fyrverkeri ved midnatt. På nyttårsaftan
held kongen tale. Da snakkar han om året som har gått,
og fortel om planar og ønske for det nye året.

I dei store europeiske hovudstadene er det
vanleg at folk samlar seg ved kjende landemerke
som Eiffeltårnet i Paris, Big Ben i London, Colosseum
i Roma og Brandenburger Tor i Berlin. Her blir det
skote opp fine fyrverkeri.

I Oslo, hovudstaden i Noreg, er det mange som samlar
seg på Rådhusplassen for å sjå på fyrverkeriet.

© Fagbokforlaget | Kanalveien 51 | 5068 Bergen | Ordretelefon: 55 38 88 38 | Ordrefaks: 55 38 88 39 | ordre@fagbokforlaget.no | Cookies | Personvern