Anna og Martin - Jul

kap-5.pngLes og lytt

05_jul.mp3
– Eg lurer på kva
eg skal gi til mormor
i julepresang, sa Anna.
Eg har lyst til å gi
henne noko ho blir
veldig glad for!
– Veit du kva eg gav
mormora mi i fjor?
sa Martin. – Eit bilete av
Passopp og meg som
eg limte opp på grøn kartong.
Så teikna eg stjerner
og hjarte på kartongen
rundt biletet.
Mormor vart kjempeglad!
– Ja, eg vil også
lage noko sjølv, sa Anna.
– La oss lage ei liste
over presangar vi
kan lage.

© Fagbokforlaget | Kanalveien 51 | 5068 Bergen | Ordretelefon: 55 38 88 38 | Ordrefaks: 55 38 88 39 | ordre@fagbokforlaget.no | Cookies | Personvern