Spørsmål til tekst 1 – forteljing

Les teksten og vel rett svar på spørsmåla.

Landsbyjenta og mjølkespannet

Ei ung jente som var på veg til marknadsplassen, bar eit spann fullt av mjølk
på hovudet. 
Mens ho gjekk der gjennom landsbyen, gav ho seg til å drøyme.
«Når eg sel denne mjølka», tenkte ho, «da får eg pengar nok til å kjøpe mange,
mange egg. 
Når eg kjem heim att, legg eg egga inn i hønsehuset og lèt ei
av hønene ruge på dei. 
Da får eg minst eit dusin kyllingar som eg kan selje på
torget, og det blir akkurat på den tida da prisane plar vere høge. Da kan eg få
pengar nok til å kjøpe meg ein ny kjole.»

«Eg lurer på kva farge eg burde velje», tenkte ho vidare. «Grøn, trur eg, det kler
meg best. Med ein brei og fin krage til! Eg kjem til å bli så vakker at alle gutane
vil slåst om å få danse med meg på marknaden.»
«Men eg vil ikkje vite av dei, ikkje av nokon av dei», sa ho halvhøgt til seg sjølv.
«Eg skal kaste med nakken og gå min veg, same kor mykje dei ber og tryglar!»
Ho smilte ved tanken og gjorde eit kast med hovudet. Akk, ho hadde jo reint
gløymt at ho bar eit fullt mjølkespann på hovudet! Men no vart ho mint på det,
for mjølkespannet velta og fall, og den nysilte mjølka rann i ein kvit straum
bortover vegen.
«Au, der forsvann den vakre, grøne kjolen min!» ropte ho. «Og alle kyllingane!
Og dei nylagde egga! Og mjølka!»
Men det var det ikkje noko å gjere med. Mjølka var borte, og no hadde ho
ingenting å selje på torget, så ho snudde og rusla bedrøva heimover.

Kjelde: Æsops fabler, omsett av Mentz Schulerud, Schibsted, 1995, her igjen omsett til nynorsk

Kvar skulle jenta gå?

Kva hadde jenta på hovudet?

Kva ville jenta kjøpe?

Jenta ville også kjøpe ein kjole. Kva farge ville ho at kjolen skulle ha?

Kva trudde jenta at gutane ville gjere?

Kva hende med mjølka til slutt?

© Fagbokforlaget | Kanalveien 51 | 5068 Bergen | Ordretelefon: 55 38 88 38 | Ordrefaks: 55 38 88 39 | ordre@fagbokforlaget.no | Cookies | Personvern